Vil du bli vår nye maskinsjef?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
- Frist
- 03.12.2024
Beskrivelse
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, om bord MF Horgefjord. Denne hybridferja, bygd i 2018, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Tiltreding i stilling januar 2025!
Arbeidsoppgåver
- Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
- Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
- Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
- Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: Døgnskift - 3 veker på og 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, +47 941 95 253, viktoria.grannes@fjord1.noArbeidsstad
Fv546 205392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4870376938
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
- Sted
- Krokeidevegen 687, 5244 Fana
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Maskinfører og -operatør
- FINN-kode
- 374417304
- Sist endret
- 18. nov. 2024 08:09