Har du auge for detaljar, er effektiv og strukturert?

Arbeidsgiver
Tecno VVS AS
Stillingstittel
Kontor- og administrasjonsmedarbeider
Frist
22.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Grunna komande foreldrepermisjon hjå vår tekniske koordinator lyser me ut eit års vikariat i 80% administrativ stilling. For rette vedkomande kan det vere aktuelt med utvida arbeidsoppgåver og stillingsprosent. Me er på leit etter deg som er strukturert, effektiv og har lett for å setje deg inn i nye system. Du trivs både med rutineoppgåver og handsaming av kundar, og har drive for meirsal. Det er ein fordel om du er detaljorientert og nøyaktig då det aukar kvaliteten for kunde, og det kan gjere dagen betre for kollegaene dine.

Me kan til gjengjeld freiste med enormt kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå vår serviceavdeling med kundehandsaming, sal og oppfølgjing

  • Ansvar for servicedatabase

  • Følgje opp og rapporterer i høve serviceoppdrag

  • Opprette ordrar og gjere klar for fakturering

  • Dokumentasjon

  • Varebestilling

  • Innkjøp og support av IT/ datautstyr internt

  • Drifta ASP system i Tecno etter krav eksternt og internt

  • Andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev eller høgare utdanning i administrative fag. Lang relevant erfaring kan kompensere krav om utdanning

  • Gode digitale ferdigheter og interesse for IT

  • Kommuniserer godt, munnleg og skriftleg

Sektor
Privat
Sted
Gamle Dalavegen 124, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kundeservice, Koordinering
FINN-kode
374516558
Sist endret
09. okt. 2024 05:28