Sjukepleiar 100% Heimebasert omsorg. 2.gongsutlysning
- Arbeidsgiver
- Helse og omsorg, Vanylven kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar inntil 100%
- Frist
- 24.11.2024
Beskrivelse
Vanylven kommune søker deg som er sjukepleiar og vil jobbe i heimebasert omsorg. Vi har ledig 100 % vikariat, med moglegheit for fast tilsetting.
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit framoverlendt miljø er dette jobben for deg!
Heimebaserte tenester i Vanylven Jobbar for å imøtekomme framtidige utfordringar innan helsetenester til brukarar som bur i eigen heim. Vi jobbar mot mål i kvalitetsreformen "Leve Heile Livet" som seier at eldre skal bu heime lengst mogleg, med fouks på god helsehjelp, samanhengane tenester, gode pasientforløp, kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Jobben som sjukepleiar i heimebasert omsorg består av tverrfagleg samarbeid, i og rundt pasienten og med pårørande. Vi yter tenester til komplekse og multisjuke pasientar og er i stadig utvikling for å imøtekome dagens og morgondagens behov. Ein jobbar breitt og innan fagområda rehabilitering, rus og psykiatri, geriatri, demens, palliativ omsorg.
Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Arbeidet inneber turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Turnus kan tilretteleggast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100 %, men kan tilpassast etter ønske.
Heimebasert omsorg er lokalisert i første etasje ved Vanylven Helse- og omsorgssenter på Fiskå, samt base ved omsorgsbustaden Syvdetun i Syvde.
Denne stillinga har hovudsakleg oppmøte ved omsorgssenteret på Fiskå.
Vanylven har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet
- Sjukepleiefaglege prosedyrer
- Arbeide sjølvstendig og team
- Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av planer i EPJ, vi nyttar Helseplattformen som journal system
- Vurdere og kartlegge behov hos brukar
- Medikamenthandtering
- Sørge for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Sikre gode pasientforløp til brukarar av tenesta
- Ta i bruk velferdteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Norsk godkjenning som sjukepleiar
- Godkjent politiattest
- God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT-verktøy
- Kommunisere godt skriftleg og muntleg
- Effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynsker å bidra til å utvikle og betre tenestene
- Førerkort klasse B
- Positiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil blir vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt eteblert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar
- Tilrettelagt turnus så langt det let seg gjere
- Rekrutteringstillegg med 30 000,- i tillegg pr år i 100% stilling
- Nedbetaling av studielån med 15% pr år innil 28 000,-
- Gode pensjonsordningar
Velkommen til å søke hos oss!
Gjer vel å oppgje referansar.
Kontaktinformasjon
Julie Strand, leiar for heimebasert omsorg, +47 70030211, julie.strand@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4844531019
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 374534351
- Sist endret
- 01. nov. 2024 09:27