Avdelingsleiar - Kulturarena – 100 % fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Frist
24.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Til Kvinnherad kommune si nye avdeling «Kulturarena» vert det søkt etter avdelingsleiar. Avdelinga har to lokasjonar som skal drivast saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.

Kulturhuset Husnes driv kulturproduksjon med arrangement, kino og servering i lokale i Husnes sentrum. Kultursenteret skal vere eit kommunalt og regionalt kraftsenter for kunst og kultur og ein attraktiv arena for møte, kurs, konferansar og seminar. Kvinnherad Arena er kommunen si nye kulturelle storstove, ein stor og variert idrettsarena både for breidde- og toppidrett og ein viktig arena for opplæring.

Avdelingsleiaren vil ha ansvar for utvikling og drift slik at tilboda får spela ei rolle i barn, unge og vaksne sine liv. Næringslivet skal òg dra nytte av våre fasilitetar, og vidareutvikling skal skje i godt samspel med aktørar innan kultur og idrett i kommunen.

Delar av kommunen sine kulturtenester er under reorganisering. Denne stillinga er ny og kjem som eit resultat av dette. Avdelingsleiaren skal delta i vidare prosess og bidra til å forme morgondagens tilbod og løysingar. Det kan såleis koma endringar i ansvarsområde, oppgåver og stillingstittel som følgje av dette.

 

Avdeling Kulturarena skal tilby:

  • kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i området
  • arrangementsstader for, og samarbeid med, lag, foreiningar og næringsliv
  • sosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkår
  • oasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksne
  • arrangement, film og kino
  • kulturelle storstover
  • fasilitetar både for breiddeidrett og utvikling av toppidrett
  • ressursar for kommunale tenester elles

 

Avdelingsleiar skal omsetja måla til praktisk handling og har ansvar for den daglege drifta.

 

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • personalansvar for ca. 10 medarbeidarar i ulike stillingsstorleikar
  • ansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilboda
  • budsjettering, økonomi- og rekneskapsoppfølging og rapportering
  • halde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljø
  • sørge for god marknadsføring og at vertskapsrolla vert teke i vare
  • bygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar og formidling
  • koordinere med andre kommunale tenester
  • vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokale

Ønskte kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå (idrett, kultur, økonomi, pedagogikk)
  • relevant arbeidserfaring (arrangementsleiing, bygg- og scenedrift, offentleg sektor)
  • kjennskap og erfaring frå lokalt kulturliv og idrettsrørsle
  • erfaring med fag- og personalleiing
  • innsikt i økonomiske tilhøve
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorsk
  • god regional og nasjonal forståing og kan tenkja internasjonalt
  • førarkort klasse B og tilgang til privatbil

Ønskte personlege eigenskapar:

  • stort engasjement og sterk motivasjon
  • ein iverksetjar og relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid
  • trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande
  • kreativ, løysingsorientert og ansvarsfull
  • sterkt motivert for denne typen arbeid, og fleksibel når det gjeld arbeidstid

Vi tilbyr:

  • ei sjølvstendig, spennande og utfordrande stilling
  • varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.

Arbeidsstaden er for tida Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena, Husnes.

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
374558576
Sist endret
09. okt. 2024 12:59