Inaktiv

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
31.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100 % fast stilling som vernepleier/sjukepleier i døgnturnus 

Kvar dag møter mange personar opp på jobb i Gloppen for å skape eit godt liv og gode tenester for alle som oppheld seg i kommunen vår. Helse i Gloppen kommune er mellom anna organisert i Miljøarbeidertenesta, Bu- og omsorgsteneste, Heimetenesta, Legetenesta og Busetjings- og integreringstenesta. I kommunen samarbeider vi på tvers av einingane. Viste du at vi har eigne fagnettverk for område som psykisk helse, velferdsteknologi og klinisk observasjonskompetanse? Som tilsett hos oss ynskjer vi at du engasjere deg i arbeid med fag og fagutvikling.

Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 55 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet. 

Stillinga vil ved oppstart vere knytt til avdeling Åsateigen, stillinga er organisert som døgnvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Miljøarbeidertenesta sitt overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging, og legemiddelhandtering. 


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegginsarbeid og primærkontaktansvar
  • Ansvar for legemiddelhandtering
  • Sikre at gjeldande lovverk, og vedtak blir følgde
  • Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • Målretta miljøterapi
  • Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ynskjerleg med erfaring innan målgruppa
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Opplæringsansvar for kollegaer/studentar

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel
  • Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet
  • Engasjerte og kvalifiserte kollegaer
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
  • Døgnturnus, arbeid kvar 4 helg. I tillegg til døgnvakter må ein påregne å stille på personalmøter, fagmøter etc inntil seks gangar i løp av turnusåret. Møtene er lagt i turnus. 

Kontaktinformasjon

Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4870808549

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
374579104
Sist endret
09. okt. 2024 01:09