Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
24.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF! Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.

I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiings- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.

Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. Vi har nyleg oppretta eit ADHD-/autismeteam, i tillegg har vi generalistteam, småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppebehandling til barn og ungdom med angstliding, og til ungdom som strevar med mentalisering.
Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Vi ønskjer å kunne tilby psykologane våre ein god balanse mellom høve til fagleg fordjuping og det å etablere eit breitt erfaringsgrunnlag. Psykologane våre får tett og god rettleiing av psykologspesialist i seksjonen. Vi sørgjer for at psykologane får dei kurs dei treng. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, er det høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med ulike psykiske lidingar
  • Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
  • Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar

Kvalifikasjonar

  • Formelle faglege kvalifikasjonar
  • Norsk lisens/autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
  • Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
  • Du har gode ferdigheiter i organisering av eige arbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.   

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, Kari.Standal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4865799160

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
374706599
Sist endret
10. okt. 2024 05:42