100% stilling som rådgjevar landbruk

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Landbruk og havbruk
Frist
30.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast 100% stilling som rådgjevar på landbruk

Stillinga ligg til landbruk, havbruk og skogbruk. Avdelinga har felles verksemdsleiar med byggesak, kart og oppmåling. For å styrke utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein rådgjevar på landbruksavdelinga.

 

Arbeidsoppgåver:

Landbrukskontoret har ansvar for alle saker som gjeld landbruk. Dette gjeld mellom anna tilskotsordningar innan jord- og skogbruk, og saker som gjeld jordvern, eigedomsoverdraging, næringsutvikling, tilleggsnæringar og miljøsaker knytt til landbruk. I tillegg til sakshandsaming, driv ein og med tilsyn. Rettleiing både internt og eksternt inngår og i stillinga. 

 

Oppgåvene til dei tilsette ved kontoret avhenger mellom anna av kompetanse og aktuelle saker. Som rådgjevar må ein vere tilgjengeleg, strukturert og resultatorientert. Ein har ansvar for å følgje opp sine saker/ ansvarsområder, og rettleie både internt og eksternt. Stillinga kan og verte tillagt andre oppgåver ved behov.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule/ universitet 

  • Relevant erfaring kan i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning 

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Erfaring frå sakshandsaming i offentleg administrasjon er ønskeleg

  • God kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda

  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon

  • God IKT-kompetanse

  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

  • Evne å tilegne seg ny kunnskap i ein travel kvardag

  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon

  • Ha god gjennomføringsevne 

  • God evne til relasjonsbygging

  • Personlege eigenskaper vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling i Odda

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Me ynskjer ikkje kontakt med annonsørar. 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Konsulent
FINN-kode
374874414
Sist endret
11. okt. 2024 07:14