Arrangementsansvarleg Parken kulturhus

Arbeidsgiver
Kultur og fritid, Kommunalområde Samfunn
Stillingstittel
Arrangmentsansvarleg
Frist
03.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å skape gode opplevingar?

Parken kulturhus opna i 1998, og er Ålesund kommune si kulturelle storstove. Kulturhuset ligg ved byparken og har ein konsertsal med plass til 500, samt ei foajéscene med plass til eit publikum på rundt 180. Kulturhuset samarbeider tett med det lokale og nasjonale kulturlivet, og har 150-200 store og små arrangement i eit normalår, samt mellom 50-60 000 besøkande. Hos oss er alle kulturelle uttrykk velkomne, og programmet er ei rik blanding av konsertar, teater, foredrag, standup, konferansar og lukka lag. Vi søker arrangementsansvarleg i fast 100% stilling.

For ein arrangementsansvarleg er ingen dagar like. Du vil jobbe med mange ulike produksjonar, og må handtere alt frå små intimkonsertar til store produksjonar med fleire hundre aktørar i sving. Du bør både ha eit godt overblikk, sans for detaljar og eit genuint ønske om å skape gode rammer for publikum før, under og etter arrangement. Hos oss er det til ei kvar tid mange ballar i lufta, og du må både kunne halde hovudet kaldt og ha eit hjarte som bankar varmt for kunst- og kulturformidling.

Teamet på kulturhuset samarbeider tett om å levere gode arrangement til publikum. Fleksibilitet, arbeidsglede og initiativ er stikkord for å lykkast i å løyse små og store utfordringar som dukkar opp – her må ingen vere redd for å ta i eit tak.

Arrangementsansvarleg er ein del av kulturhuset sin administrasjon. Her blir du med i eit lite team, der alle er sparringspartnarar i arbeidet med å vidareutvikle kulturhuset. Du vil ha medansvar for å planlegge og koordinere arrangementa på huset i samarbeid med produksjonsteamet, leigetakarar og samarbeidspartnarar. Du vil også bidra aktivt inn i marknadsføringa, og vere med på å skape innhald til sosiale media etc.


Arbeidsoppgåver

  • planlegge og koordinere arrangement saman med produksjonsteamet
  • praktisk klargjering av arrangement
  • ha kontakt med og følgje opp artistar, arrangørar, publikum og andre samarbeidspartnarar
  • bidra i arbeidet med sal, marknadsføring og innhaldsproduksjon
  • følgje opp kulturhusvertane og skape gode rammer for publikum
  • vere med å vidareutvikle Parken kulturhus som møteplass
  • etter behov delta i arrangementsavvikling og andre påkommande praktiske oppgåver

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • bachelor i kulturfag eller tilgrensande fag (relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver kan vege opp for formell utdanning)
  • erfaring frå arrangementsplanlegging og -avvikling og marknadsføring
  • god kjennskap til kunst- og kulturfeltet

Personlege eigenskapar

Den vi søker er

  • strukturert, med evne til å sjonglere mange ballar samtidig
  • ein som har blikk for detaljar og auge for heilheita
  • løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
  • flink med folk, utadvendt og gjestfri
  • idé- og initiativrik

Personlege eigenskapar vert tillagt vekt. 

Vi tilbyr

  • spanande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø
  • fleksitidsavtale
  • løn etter tariff
  • god pensjonsordning
 

Kontaktinformasjon

Hans Pareliussen, Kulturhusleiar, 915 12 057, hans.pareliussen@alesund.kommune.no

Anita Nøringseth Øen, Avdelingsleiar, 450 12 242, anita.irene.noringseth.oen@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Parkgata 3B

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn


Referansenr.: 4868114156

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.11.2024

Sted
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Kontor og administrasjon
FINN-kode
374882197
Sist endret
11. okt. 2024 09:10