Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt
- Arbeidsgiver
- Psykiatrisk klinikk /Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S6, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt
- Frist
- 22.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og tre avdelingar på Haukeland; Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin.
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå.
Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. Seksjon S6 er ein av dei to døgnseksjonane med tolv døgnplassar.
Vi har eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø på S6 og søker etter ein sjukepleiar og ein vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus/Seprep til to faste 80% stillingar pt på natt med arbeid kvar 3. helg.
Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging, medikamenthandtering og pasientadministrativt arbeid
- Oppfølging og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Ansvarsvakt
- Kontakt med pårørande
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar med vidareutdanning innan psykiatri eller rus/psykiatri er ønskeleg
- Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa
- Det er ønskeleg med kunnskap om EPJ/DIPS. Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
Personlege eigenskapar
- Er tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
- Har evne til å handtere ulike følgelsesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt
- Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er opptatt av kvalitet og liker varierte utfordringar
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb som gjev personleg utvikling
- Eit godt, triveleg , engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagutvikling og opplæring i MAP
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål
og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at
dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du
finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no.
Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
(HR-dir) i
søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen,
kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Jan Legreid, Seksjonsleiar, 55958762Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4871358073
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 374903632
- Sist endret
- 08. nov. 2024 11:17