Helsefagarbeidar inntil 100 %. 2.gongsutlysning
- Arbeidsgiver
- Heimebaserte tenester, Vanylven kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 100 %
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vanylven kommune søkjer helsefagarbeidar til heimebaserte tenester, inntil 100% fast stilling med oppstart 1. februar 2025. Stillinga inneber arbeid i turnus med hovedsak dagvakter og kveldsvakter, med arbeid kvar tredje helg.
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit framoverlendt miljø er dette jobben for deg!
Heimebaserte tenester i Vanylven Jobbar for å imøtekomme framtidige utfordringar innan helsetenester til brukarar som bur i eigen heim. Vi jobbar mot mål i kvalitetsreformen "Leve Heile Livet" som seier at eldre skal bu heime lengst mogleg, med fouks på god helsehjelp, samanhengane tenester, gode pasientforløp, kvardagsmeistring og velferdsteknologi. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med pasient og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss er du med å utvikle og koordinere eigen arbeidsplass. Vi har god fagleg kompetanse og du arbeider tett med sjukepleiar og assistentar. Ein jobbar breitt og innan fagområda rehabilitering, rus og psykiatri, geriatri, demens, palliativ omsorg.
Vanylven kommune er framoverlendt og nyttar journalsystemet Helseplattformen. Frå desember 2024 skal avdelinga innføre årsturnus.
Stillinga har i hovudsak oppmøte på Syvdetun omsorgsbustad.
Har du lyst å bli ein del av ei avdeling og ein teneste du kan vere stolt av å jobbe i? Då må du søkje hos oss!.
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta pasientens individuelle grunnleggande behov
- Evne til gode observasjoner
- Utføre helsefaglege prosedyrer
- Arbeidet sjølvstendig og team
- Sørgje for god dokumentasjon og bidra til utarbeiding av tiltaksplanar i EPJ
- Vurdere og kartlegge behov hos brukar
- Medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Sikre gode pasientforløp til brukarar av tenesta
- Ta i bruk velferdteknologiske løysingar
- Veilede og lære opp studenter, lærlinger og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helsefag
- Anna relevant utdanning
- Godkjent politiattest
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT-verktøy
- Kommunisere godt skriftleg og muntleg
- Effektiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Engasjert og ynsker å bidra til utvikling av tenesta for framtida
- Positiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø
Personleg egnaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt eteblert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar
- Tilrettelagt turnus så langt det let se gjere
- Tillegg for fagorganiserte, svært gode forsikring- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Julie Strand, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 70030211, julie.strand@vanylven.kommune.noKaroline Lundås, Kommunalsjef helse og omsorg , karoline.lundas@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Saurdalsvegen 386140 Syvde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4870863894
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Saurdalsvegen 38, 6140 Syvde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 374927093
- Sist endret
- 01. nov. 2024 02:04