Tenestestadsleiar

Arbeidsgiver
I tillegg evt. politibetjent 3/2/1 ved internt opprykk.Søre Sunnmøre politistasj
Stillingstittel
Tenestestadsleiar
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye tenestestadsleiar ved Vanylven politistasjon?

Som tenestestadsleiar er du ein viktig samarbeidspartnar for politistasjonssjefen i arbeidet med å utvikle tenesta, levere på samfunnsoppdraget og utvikle medarbeidarane i politistasjonsdistriktet. Du bidreg aktivt med å nå målsettinga i eininga om å setje innbyggjarane i sentrum og å fremje førebyggjande arbeid som politiet sin primærstrategi.

Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med spennande og varierte arbeidsoppgåver innan vakt og beredskap, etterforsking av straffesaker og deltaking i politiet sine andre gjeremål avhengig av behov i driftseininga. I stillinga vil du utføre patrulje- og reservetjeneste i Nordfjord politistasjonsdistrikt, Vest politidistrikt, etter ein gjeldande avtale om vaktsamarbeid. I delar av døgnet er beredskapen dekka av beredskapsvakt med utrykking frå heimen.

I stillinga vil du også vere politikontakt for Vanylven kommune. Som politikontakt vil du ha ei sentral rolle opp mot samarbeid og kunnskapsdeling mellom politiet, kommune og andre aktørar.

Driftseining Sunnmøre omfattar fire politistasjonsdistrikt, høvesvis Ålesund, Ulstein og Hareid, Indre Sunnmøre og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Stillinga har arbeidsstad ved Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Oppmøtestad er ved Vanylven politistasjon som har lokasjon på Fiskå.    


Arbeidsoppgåver

For tenestestadsleiar:

  • Dagleg leiing av oppgåvene ved kontoret Vanylven politistasjon
  • Vakt og beredskap, etterforsking, førebyggjande arbeid og sivile gjeremål
  • Politikontakt for Vanylven kommune
  • Bidra til å utarbeide arbeidsplanar og til at TTA til einkvar tid er oppdatert for politistasjonen
  • Bidra til heilskapleg samhandling og sørgje for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling mellom politiet og ulike samarbeidsaktørar
  • Bidra til å vidareutivkle polititenesta i eininga og sørgje for at vedtatte tiltak/endringar blir gjennomførte
  • Bidra til å utvikle ønskt kultur, helsefremjande arbeidsmiljø og god medarbeidartilfredsheit
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak
  • Andre oppgåver kan påleggast


For politibetjent 3/2/1 ved opprykk:

  • Arbeid innan vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • Etterforskingsoppgåver
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Krimvakt/publikumsmottak
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

For begge gjeld:

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
  • God munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Beherske engelsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til
    bruk i samband med skikkaheitsvurdering, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

For tenestestadsleiar:

Ønska:

  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
  • Erfaring frå tverretatleg samarbeid
  • Brei erfaring frå ulike oppgåver og ansvarsområde i politiet
  • Kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing
  • Etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanning

For politibetjent 3/2/1 ved opprykk:

  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Erfaring frå politistilling
  • Etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanning
  • Anna relevant erfaring      

Personlege eigenskapar

For tenestestadsleiar:

  • Du er mål- og resultatorientert med god gjennomføringskraft
  • God evne til teambygging og relasjonsbygging
  • Du evner å arbeide sjølvstendig, ta avgjerdsler og arbeide systematisk
  • Du er samfunnsorientert og har forståing for rolla til tjenesteeininga i politiet sitt samfunnsoppdrag

Du har eit godt heilskapeleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid


For politibetjent 3/2/1 ved opprykk:

  • Handlekraftig og initiativrik
  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerdsler og ansvar


Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-ipolitiet/medarbeiderplattform/ 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent, stillingskode 0287, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 635 400 til kr. 679 700
  • Ved eventuelt ledig stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1457, 1459, 1461) er tilsetjing avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 540 500 - kr. 624 500
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 480 900 - kr. 516 800
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 448 900 - kr. 509 300
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Evelyn Røren, 70118754

Arbeidsstad

Rådhusvegen

6143 Fiskåbygd

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4858784535

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 27.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Ledelse, Sikkerhet, Annet
FINN-kode
374930008
Sist endret
14. okt. 2024 05:47