Seksjonsleiar Auge seksjonen

Arbeidsgiver
Avdeling kirurgi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar Auge seksjonen
Frist
28.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Deler du våre verdiar, og vil du bli med på laget?

Vi søker ein strukturert, initiativrik og løysningsorientert seksjonsleiar til augeseksjonen i Ålesund!

Augeseksjonen i Ålesund greier ut og behandlar dei fleste augelidingar. Vi handterer problem som optikar, fastlegen eller den privatpraktiserande augelegen ikkje kan ta seg av. Vi utfører planlagde konsultasjonar der nye pasientar vert vurderte, utgreidde og behandla medisinsk eller kirurgisk inkludert kontroller.

Seksjon for Auge er ein av 10 seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag 6 overlegar, 3 LIS, 8 sjukepleiare, ein optometrist og ein ortoptist. Tilsamme ca. 20 årsverk. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 150 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.

Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef for kirurgisk avdeling.

Blir du med å skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?

Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef, i samsvar med dei faglege standardar og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld
  • Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift innanfor gitte rammer
  • Seksjonsleiar skal legge til rette for god kvalitet og fagleg utvikling
  • Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar
  • Seksjonsleier har ansvar for vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar
  • Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket. Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Noe poliklinisk arbeid må forventes
  • Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef, og deltek i avdelinga sine avdelingsråd, samarbeidsråd og kvalitetsråd

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan helse på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med erfaring frå augefaget
  • Tilleggsutdanning i leiing, og/eller relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
  • Erfaring fra arbeid i sykehus, og god kjennskap til sykehusorganisasjon
  • Erfaring med kvalitetsutvikling og endringsleiing er ønskeleg
  • Kjennskap til økonomi- og personaloppfølging
  • Søker må ha relevant erfaring og/eller kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein god teamarbeidar
  • Gode datakunnskapar, og kjenneskap til bruk av relevant IT-verktøy
  • Omstillingskunnskap og gjennomføringsevne
  • Godt innsyn i pasientadministrative rutiner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Toril Eide Kongsrud, Avdelingssjef, +47 90 79 19 15, toril.eide.kongsrud@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4857972638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
375432052
Sist endret
14. okt. 2024 07:27