Helsefagarbeidar i 100 % - avdeling Førebygging og meistring

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar i 100 % - avdeling Førebygging og meistring
Frist
30.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Førebygging og meistring?
Vi søkjer etter helsefagarbeidar med rehabiliteringsskompetanse i 100% stilling i avdeling rehab/kortids og avlasting.

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.


Arbeidsoppgåver

• Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument

• Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring

• Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer

• Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

• Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet

Kvalifikasjonar

• Helsefagarbeidar med vidareutdanning innan rehabilitering er ønskjeleg

• Kunnskap om metodar, tilnærmingar og prinsipp innanfor rehabilitering

• Gode norskkunnskapar

• Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta

• Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert

• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 

• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi

• Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

• 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg

• Nødvendig opplæring og rettleiing

• Kompetanseheving

• Opplæring i fagsystem

• Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søkjer melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb.

• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar

• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Kirsti Bergene, Avdelingsleiar, 95811193

Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120

2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune


Referansenr.: 4871308512

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
375687620
Sist endret
30. okt. 2024 02:42