Sjukepleiar i 100 % - avdeling Førebygging og meistring
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i 100 % - avdeling Førebygging og meistring
- Frist
- 30.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Førebygging og meistring?
Vi søkjer etter faglig dyktig og engasjert sjukepleiar fortrinnsvis med relevant vidareutdanning innan rehabilitering.
40% av stillingen vil vere ein del av vårt tverrfaglige innsatsteam underlagt fysio/ergoterapi teneste. To faste dager i veka er fast i turnus. Resten av stillinga vil vere på korttids/rehabiliteringsavdeling i turnus.
Vi har todelt turnus med kvar 3.helg eller langvakter kvar 4.helg.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med videreutdanning innan rehabilitering
- Studentar kan bli vurdert til stillingane
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilleggsansiennitet og gode lønnsbetingelser for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Kirsti Bergene, Avdelingsleiar, 95811193Marie Bjørneseth Storrusten, Avdelingsleiar, 93230895
Arbeidsstad
Bygdinvegen 21202940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4871325909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 375687889
- Sist endret
- 30. okt. 2024 02:38