Helsefagarbeidar - institusjon

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - institusjon
Frist
30.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? 
Vi søkjer etter helsefagarbeidarar på avdeling Juvike. Desse stillingane er ledige med oppstart 06.01.2024: 

90,02 % stilling - langvakter

75 % stilling - med 3. kvar helg 

50,53 % stilling - med 3. kvar helg 

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Juvike er underlagt institusjon på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.


Arbeidsoppgåver


• Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
• Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
• Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

• Helsefagarbeidar
• Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet
• Gode norskkunnskapar
• Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

• 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Kompetanseheving
• Opplæring i fagsystem
• Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb.
• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120

2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune


Referansenr.: 4872633889

Stillingsprosent: 90,02, 75, 50,53%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
375688272
Sist endret
30. okt. 2024 02:41