ID 2249 Barnehagelærar - Skogatufto barnehage

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
05.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage, lokalisert tett opp til Leirvik sentrum, lokalt næringsliv og eit variabelt friluftsområde. I barnehagen jobbar me 20 personar med stort engasjement for våre barn, deira føresette og for kvarandre. Me har godt humør, god kompetanse og ønskjer stadig å utvikle oss. Me gleder oss over barna og kvarandre sine små og store suksessar. No treng me ny barnehagelærar med på laget; kanskje er det nettopp deg?

Me har ledig fast 100% stilling som barnehagelærar.

Barnehagen søkjer etter deg som

  • er utdanna barnehagelærar

  • likar å kontinuerleg jobbe saman med andre for å vidareutvikla ein god barnehage der barnet sitt beste er i fokus

  • har arbeidsglede og arbeidsmot

  • veit og toler at motstand og utfordringar kan gje vekst

  • er god på å bygge relasjonar til barn og vaksne

  • både aleine og saman med barnehagelaget bidreg med å planlegge, utføre og følgje opp i tråd med vårt rammeverk

  • er positiv innstilt og initiativrik, men tør og å vere konstruktivt kritisk

  • er strukturert i skriftleg arbeid og oppfølging av oppgåver

  • har evne til å skapa eit trygt og godt lærings- og leikemiljø, ut frå barna sine behov

  • er ein bevisst, tydeleg rollemodell både for barn og vaksne

  • punktleg og til stades

Ansvar og oppgåver

  • setje i verk og drive fram pedagogisk arbeid, utøvd med godt fagleg skjønn

  • planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn/barnegruppe

  • saman med pedagogisk leiar og andre

  • rettleiing av personale og foreldre

  • tverrfagleg samarbeid

  • bidra til og leie fram prosjekt- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Kontaktperson: Einingsleiar Hildebjørg Røssberg, tlf 53403380 / 97552185

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
375798681
Sist endret
16. okt. 2024 09:53