Fagarbeidar/assistent - vikariat
- Arbeidsgiver
- Sunnylven barnehage, Stranda kommune
- Stillingstittel
- Fagarbeidar - vikariat
- Frist
- 15.11.2024
Beskrivelse
Sunnylven barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Hellesylt, like ved Bygdetunet og brannstasjonen.
Barnehagen er godkjend for 42 plassar og har to avdelingar.
Våre opningstider er kl. 07.00 - 16.15
- I tida 01.11.24 - 06.07.25 har vi ledig 48% stilling som fagarbeidar/assistent
- I tida 01.01.25 - 06.07.25 har vi ledig 100% stilling som fagarbeidar/assistent
Det må gå tydeleg fram av søknaden kva stilling den gjeld, evt om den gjeld begge stillingane.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluerer det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
- Vere ein god rollemodell og bygge gode relasjonar med kollegaer, barn, føresette og andre instansar
- Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og kollegaer
- Legge til rette for godt samarbeid med heimane
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev/anna relevant utdanning
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ved mangel på søkjarar med relevant fagbrev/utdanning kan også andre søkjarar med praksis frå arbeid med barn bli vurderte for tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel
- Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
- Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Hilde Langlo Brekke, Einingsleiar, +47 46411844Arbeidsstad
Ringdalsvegen 216218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4873514191
Stillingsprosent: 48%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 06.07.2025
Søknadsfrist: 15.11.2024
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Ringdalsvegen 21, 6218 Hellesylt
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
- FINN-kode
- 375818281
- Sist endret
- 01. nov. 2024 07:12