Vil du jobbe med å knytte Norge saman?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinsjef i sambandet Halhjem-Våge, p.t. MF Kommandøren
- Frist
- 22.11.2024
Beskrivelse
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Halhjem - Våge, om bord vår flotte El-ferge MF Kommandøren
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Søkjar må bu lokalt!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Høgspentkurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Vi søker en ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løsningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Visst desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift 3 veker på og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, +47 404 60 408, viktoria.grannes@fjord1.noArbeidsstad
Halhjemsvegen 2755208 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4873675746
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2024
- Sted
- Halhjemsvegen 275, 5208 Os
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Teknisk personell
- FINN-kode
- 375867187
- Sist endret
- 07. nov. 2024 08:53