Forskar i utvikling av nervesystemet til ribbemanetar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Researcher in ctenophore nervous system development
Frist
01.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Forskar:

Det er ledig ei stilling som forskar i utvikling av nervesystemet til ribbemanetar ved Michael Sars-senteret i forskingsgruppa leia av Dr. Pawel Burkhardt. Stillinga er for ein periode på 2 år og er finansiert av eit ERC-konsolideringsstipend (ORIGINEURO). Michael Sars-senteret høyrer til Universitetet i Bergen og er partnar av European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (http://www.embl.de/). Arbeidsstaden vil vere ved Michael Sars-senteret. Den føretrekte, men forhandlingsbare startdatoen er desember 2024.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Burkhardt-gruppa kombinerer samanliknande biologiske system i laboratoriet for å forstå når og korleis dei første synapsane, nevronane og nervesystema utvikla seg. Gruppa er spesielt interessert i å studere nervesystemet til ribbemanetar. Ribbemanetar – sterke kandidatar til å vere søstergruppa til alle andre dyr – er vakre, men framleis mystiske marine dyr. Gitt deira fylogenetiske posisjon, lovar karakteriseringa av nervesystemet til ribbemanetar å avdekkje grunnleggjande innsikt i den evolusjonære opphavet til nevronar. Vi ser etter ein høgt sjølvmotivert og entusiastisk forskar med interesse for evolusjonsbiologi, nevrobiologi og cellebiologi. Prosjektet vil fokusere på utviklinga av nervevevet til ribbemanetar og korleis samansmelta nervetrådar i nervevevet blir danna. Kandidaten vil utføre forsking ved bruk av enkelcella RNA-sekvensering, in-situ histokjemi og immunofluorescensmikroskopi for å forstå utviklinga av nervevevet. Kandidaten vil arbeide tett saman med gruppeleiar og andre lab medlemmer med mål om å bidra til vidare utvikling av prosjektet i tråd med hennar/hans interesser.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor felt relatert til prosjektet eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd for tilsetjing kan skje.
  • Tidlegare erfaring med arbeid med Mnemiopsis leidyi er eit krav.
  • Praktisk erfaring med in situ hybridisering (ISH), hybridiseringskjedereaksjon og immunofluorescensmikroskopi (t.d. konfokalmikroskopi) er eit krav.
  • Sterk interesse for å studere det evolusjonære opphavet til nevronar er ein fordel.
  • Praktisk erfaring med dyreomsorg (helst med marine virvellause dyr) og med mikroinjeksjonar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillinga: 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 


Vi kan tilby:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500,- (svarar til lønssteg 64) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.     
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden på engelsk skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV 
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.   
  • relevante attestar 
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) 
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  gruppeleder Pawel Burkhardt, epost: pawel.burkhardt@uib.no. 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgiver Veronica Stålhand, epost: veronica.stalhand@uib.no. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Sektor
Offentlig
Sted
Thormøhlens Gate 55, 5006 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
FINN-kode
376085904
Sist endret
18. okt. 2024 01:24