Lege/medisinsk fagekspert - yrkesrelatert risiko & medisinsk seleksjon 

Arbeidsgiver
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse
Stillingstittel
Overlege
Frist
15.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du erfaring frå medisinsk seleksjon og interersse for maritim medisin? Kunne du tenke deg en ei spennande stilling i Noregs største legevaktdistrikt?
Vi lyser ut 100% stilling som overlege og fagleg ansvarleg for seleksjonsmedisin ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM).

NSMDM er eit nasjonalt kompetansemiljø for maritim medisin ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen HF. Vi jobbar mellom anna tett med Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Forsvaret og Redningstenesta, og har prosjektsamarbeid med Universitetet i Bergen og fleire ideelle, private og offentlege aktørar innan den maritime næringa.
Senterets aktivitetar inkluderer undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt, samt drift av den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Stillinga vil ha ulike oppgåver innanfor fleire av desse arbeidsfelta, avhengig av senterets behov.

NSMDM leier også Fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet. Stillinga vil ta ei sentral rolle i nemnda. Nemnda er satt saman av representantar frå Sjøfartsdirektoratet, dei maritime arbeidstakarorganisasjonane og NSMDM og behandlar dispensasjonar og klager på helseerklæringar til sjøfolk skrevet ut av norske sjømannsleger. Omfanget av saker i nemnda er på mellom 70 og 100 saker i året. Det er for tida to saksbehandlarar frå NSMDM knytt til Fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet. Som fagansvarleg for seleksjonsmedisin vil du ivareta det faglege ansvaret for vedtaka i nemnda, veileie dei andre saksbehandlarane og få ansvar for å vidareutvikle det seleksjonsmedisinske faget.

Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).

Velkommen til eit tverrfagleg, inkluderande og nyskapande fagmiljø!


Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar for seleksjonsmedisin
  • Medisinsk fagekspert i Fagnemnda for helsesaker
  • Telemedisinsk vaktteneste – Radio Medico, telefonlegevakta for sjøfolk
  • Undervisning/formidling på kurs og konferansar
  • Deltaking i fagutviklingsprosjekt og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring – gjerne erfaring får ulike deler av helsesektoren, privat eller offentleg
  • Erfaring frå arbeid som sjømannslege eller petroleumslege
  • Spesialitet i allmennmedisin, samfunnsmedisin, arbeidsmedisin eller anna klinisk spesialitet
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Interesse for maritim sektor
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Arbeider systematisk og resultatorientert
  • Er ansvarsbevisst og har evne til gjennomføring
  • Er fleksibel og har fokus på løysingar
  • Er inkluderande og samhandlande
  • Er stødig, empatisk og robust i møte med andre

Vi tilbyr

  • Eit sjeldant høve til nybrottsarbeid i eit spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging  for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtalar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Jon Magnus Haga, Seksjonsleiar lege, 90823355, jon.magnus.haga@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 79

5053 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4871193906

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 79, 5053 Bergen
Stillingsfunksjon
Lege, Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
376101191
Sist endret
18. okt. 2024 09:42