Overlege ved Kreftavdelinga
- Arbeidsgiver
- Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
- Stillingstittel
- 3 overlegestillingar ved Kreftavdelinga, Helse Bergen
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (frå 01.01.25 Kreftklinikken) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, vert det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå, innan medikamentell kreftbehandling, kreftgenomikk, kreft immunologi, medisinsk fysikk og strålebehandling m.v.
Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeidd spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknadane. Vi har 6 strålemaskinar inkludert ei maskin dedikert til online adaptiv behandling (Varian Ethos), som blei starta opp i 2021 og er den første av denne typen maskin i Noreg. Avdelinga tilbyr og brackyterapi for gynekologisk kreft og i lunge. Vidare driv vi med strålekniv-behandling i nært
samvirke med Nevrokirurgisk avdeling. I 2025 vil avdelinga opne behandlingstilbod av protonterapi og vert del av ei fleirregional behandlingsteneste saman med Oslo Universitetssjukehus. Vi trappar derfor opp med fleire tilsette og byggjer kompetanse for slik behandling i åra framover. Vi har fleire aktive grupper i avdelinga som jobbar med kvalitetsforbetring og forsking innan stråleterapi.
Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling. Vi er 29 LIS-legar og 46 overlegar.
Vi har no ledig 3 faste 100% overlegestillingar. Tiltreding så snart du er ledig, eller etter nærare avtale. Det blir lagt vekt på relevant erfaring innan forsking.
I to stillingar ønsker vi primært å tilsette onkologer med særleg interesse for strålebehandling og protonterapi, som vil få spesialansvar for utvikling, undervising og bruk av foton/protonterapi i avdelinga.
Den tredje stillinga er ei onkologstilling utan binding mot bestemt aktivitet/fagområde.
Arbeidsoppgåver
- I overlegestilling inngår pt 20-delt kombinert tilstadesvakt- og bakvakt frå heimen. Overlege vil få tildelt ansvarsområde etter kompetanse, interesse og avdelinga sitt behov
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjend spesialitet i onkologi eller mindre enn 6 månader til spesialitet
- Det blir lagt vekt på vitskapeleg kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibilitet og tilpassingsevne i eit fleirfagleg miljø
- Evne til å handtere komplekse situasjonar og ta gode avgjerder under press
- Engasjement for fagleg utvikling og innovasjon
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Avdelinga byr på store faglege utfordringar og spennande forskingsprosjekt
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Åsa Karlsdottir, Seksjonsleiar (lege), 99037860Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4873689233
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
- FINN-kode
- 376104497
- Sist endret
- 19. nov. 2024 08:36