Produksjonsleiar

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Frist
15.11.2024

Beskrivelse

Om oss
I Bane Nor har me eitt felles mål - å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Me jobbar for å levera ein sikker og tilgjengeleg jernbane. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare. No treng me ein produksjonsleiar på Voss som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid. Er det deg eller nokon du kjenner?
 
Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar. Viss du i tillegg har høgare utdanning, spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel. Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Du vil inngå i avdelinga vår på Voss, med ansvarsområde Bergen – Finse. Du er ein lagspelar som har evna til å leia ei operativ avdeling og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team. Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat. 
Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medviten rolla di som leiar. Som produksjonsleiar er du ei sentral brikke i drifta av Bergensbanen. Du jobbar tett med driftsleiar, dei andre produksjonsleiarane og tilstandskontrollørar på strekninga. Du tek sjølvstendig styring for leveransen innanfor ditt ansvarsområde. Stillinga inneber personalansvar, og som person bør du væra målretta, ambisiøs og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda. 
Hjå Bane NOR Voss, får du omlag 100 dyktige kollegaer som fordelar seg på 4 forskjellige fag. Desse faga er: Linje, Signal, Høgspent og lågspent. Her finn du god takhøgde og godt arbeidsmiljø. Her får du sjansen til å vera med å vidareutvikle ei avdeling med høg kompetanse. Du vil få nødvendig opplæring igjennom arbeidsgjevar, så det er ikkje eit krav å ha bakgrunn frå nokon av jernbanefaga faga for å søkje. 
Me oppmodar særleg menneske med bakgrunn innan elektro eller bygg og anlegg til å søkja.
 Kva kan me tilby deg?
Me er ein organisasjon i utvikling. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - med fleksibel arbeidstid og av det sosiale kan me nemna mellom anna bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og Vy. Me har også:
 
  • Sentrale lokal på Voss
  • Høve til å jobba noko heimanfrå
  • Gode permisjonsordningar for alle livsfasar
  • God seniorpolitikk

Me verdset balansen mellom arbeidsliv og privatliv, for me trur at du yter best på jobb når du trivst godt privat.
 Arbeidsoppgåver
Som produksjonsleiar vil væra med på å sikre at trafikksikkerheita blir ivaretatt ved eige personells arbeid i og ved jernbanens infrastruktur.
 
  • Leiaransvar med personalansvar
  • Drift- og resultatansvar for avdelinga du leiar
  • Overordna planlegging av produksjon, og best mogleg utnytting av ressursane
  • Andre oppgåver kan tilleggjast stillinga 
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
Me ser for oss at du har høgare utdanning på bachelornivå (leiar, økonomi eller annan relevant utdanning), men relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet. I tillegg ønskjer me oss at du:
 
  • Leiingserfaring med organisasjonar i endring er ein fordel
  • Bane NOR ynskjer å rekruttera personar med ulik bransjebakgrunn, så aktuelle kandidatar oppfordrast til å søke, uavhengig av kva bransje dei kjem ifrå

 
Rolla fordrar nokre personlege eigenskapar, og er noko me vektlegg tungt. Me ser for oss at du: 
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeider nøyaktig, sikkert og systematisk
  • Set struktur høgt, og kan visa til måtar å strukturera arbeid på
  • Er ein lagspelar i samarbeid med andre
  • Er løsningsorientert
  • Bidragsyter i eit godt arbeidsmiljø 
Kjekt å vita
Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.
 
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt. 
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva betyr desse verdiane for deg? 
Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss
Sektor
Offentlig
Sted
5704 Voss
Stillingsfunksjon
Ledelse, Ingeniør, Prosjektledelse
FINN-kode
376109402
Sist endret
18. okt. 2024 10:32