Rektor Valldal skule

Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Stillingstittel
Rektor Valldal skule
Frist
03.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fjord kommune har ledig 100 % stilling som rektor på Valldal skule frå dagens dato. Det er ønskeleg med oppstart tidleg i januar 2025 eller etter avtale. 

Valldal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse og vaksenopplæringa for Fjord kommune. Vi ligg lokalisert i Syltemoa, tett under Syltefjellet, i Valldal sentrum. Skulen har rundt 130 elevar som kjem frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Det er gode fasilitetar både inne og ute.

Skulen vert leia av rektor, inspektør og ein i merkantil drift for skule og SFO. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn. 

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi.

Fjord kommune har nynorsk som målform og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. 


Arbeidsoppgåver

  • Leiing av lærings- og utviklingsarbeid
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Forvalting og kvalitetsutvikling
  • Økonomistyring og resultatkontroll
  • Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unges oppvekst

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
  • Kunnskap om leiing, økonomi og IKT/teknologi
  • Vere oppdatert på forsking rundt skuleutvikling og kunne bruke den kunnskapen i praksis
  • Digital kompetanse
  • Relevant leiarutdanning og fullført eller påbegynt rektorutdanning.
    • Om ein ikkje har rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning, legg kommunen tilrette for dette. 
  •  Personleg eignaheit vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
  • Setter elevanes læring og trivsel i sentrum
  • Har evne til å motivere og engasjere
  • Samarbeide godt med leiarteamet, tilsette, elevar, foreldre og andre
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg
  • God relasjons- og samhandlingskompetanse

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Tilsettjing på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i SPK

Kontaktinformasjon

Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830

Arbeidsstad

Skulebrauta 46

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune


Referansenr.: 4873948889

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 06.01.2025

Søknadsfrist: 03.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Skulebrauta 46, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
376209654
Sist endret
18. okt. 2024 10:02