Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
- Frist
- 18.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi trenger å få fleire med på laget, og kanskje er akkurat du den rette?
No er det ledig ei 100% tredelt stilling og ei 75% pt nattstilling ved Nevrologisk sengepost. Her vil du bli ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du med å jobbe pasientretta, likar å jobbe i team men og sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Då kan du vere den sjukepleiaren vi søkjer etter. Har du relevant videreutdanning, er det berre eit pluss. Har du faglige ambisjoner, kan det bli aktuelt med vidareutdanningar knytt til fagområda i avdelinga.
Om under eit år flyttar vi til nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, avdelinga vil da innehalde geriatri og ortogeriatri, i tillegg til generell nevrologi og slag. Dei kommande månadane vil bli spennande, kor vi bygger fag og lag!
Har du interesse for geriatri eller ortogeriatri, håper vi at du tek kontakt.
Nevrologisk sengepost har 18 senger, med nevrologiske og slagpasienter. Her kjem pasientane inn som ø-hjelp eller elektivt/planlagt. Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Vi har Klinisk Nevrofysiologisk Laboratorium, og spesialsjukepleiarar innan fleire av fagområda. Det skjer spennande forsking på fleire av fagområda.
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som tillegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og holde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Rettleiing til sjukepleiestudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ønske å jobbe med den nevrologiske pasienten
- Ha gode samarbeidsegenskaper; jobbe i team, men også selvstendig
- Vere positivt innstilt og ta initiativ
- Vere ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysningsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4871698028
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast
Startdato: 25.11.2024
Søknadsfrist: 18.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Parkvegen 84, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 376632991
- Sist endret
- 31. okt. 2024 08:30