Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Årdal skule
Stillingstittel
Miljøterapeut Årdal skule 100 % fast
Frist
27.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å bety ein forskjell for born og unge? Vi treng deg på laget vårt!

Visjonen vår er: "Årdal skule - Trygt og godt, lærerikt og kjekt!"

Mottoet vårt er: "Aktive elevar som lærar gjennom praksis!"

Ansvar og arbeidsoppgåver
- oppfølging av barn med tilrettelegging
- tett samarbeid med dei andre tilsette 
- tett samarbeid med føresette
- samarbeid med interne og eksterne instansar

Kvalifikasjonar og vilkår 
- erfaring og eller kompetanse innan traumebevist omsorg er positivt
- ønska relevant kvalifikasjonar på bachelornivå med norsk språkkrav B2 
- personar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid eller helsefag kan og søkje
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Ønskeleg med minimum B2

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der eleven er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kan jobbe strukturert
- er fleksibel, løysnings og utviklingsorientert
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap
- er tålmodig, varm, raus og med godt humør

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette
- eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod i kommunen

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Melevegen 125, 4137 Årdal i Ryfylke
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
376633100
Sist endret
21. okt. 2024 06:06