Tannhelsesekretær - fast stilling

Arbeidsgiver
Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland - Spesialistklinikk
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
07.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100% fast stilling som tannhelsesekretær ved Spesialistklinikken, Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland (Tk Vestland) frå 01.01.2025
Har du lyst å jobbe i eit spennande fagmiljø? Då er Spesialistklinikken ved TKVestland noko for deg!
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Norge og tilbyr spesialisttenester til befolkninga i Vestland. Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
 Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 tilsette på spesialistklinikken.
Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.




Arbeidsoppgåver

Assistere tannlegespesialist i pasientbehandling
Kontakt med pasienter/pårørende/samarbeidspartar
Sterilarbeid
Administrasjons- og resepsjonsoppgåver
Ta del i felles arbeidsoppgåver ved klinikken

Kvalifikasjonar

Det er krav om godkjend norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein strukturert, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Det er viktig at du arbeider godt i team, kommuniserer godt med pasientar og er løysingsorientert.
Du må ha gode samarbeidsevner, og bidra til et godt arbeidsmiljø.
Du må evne å arbeide effektivt, prioritere, vere fleksibel og tole ein travel arbeidskvardag.
Du må ha ynskje om fagleg utvikling og vera open for ny kunnskap.
Det vil bli lagt stor vekt på motivasjon og personleg eignaheit for stillinga.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Etterutdanning og kurs for fagleg utvikling
Meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.  

Kontaktinformasjon

Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996

Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834

Arbeidsstad

Årstadveien 19

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4872648384

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Kontor og administrasjon
FINN-kode
376675684
Sist endret
01. nov. 2024 09:14