Kyrkjemusikar/Organist

Arbeidsgiver
Samnanger Sokn
Stillingstittel
Organist
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Samnanger sokn søkjer kyrkjemusikar/organist til speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ådland og Haga kyrkje. Kyrkjemusikaren har hovudansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene.
Kyrkjelyden ønsker at kyrkjemusikaren/organisten skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.




Hva vi ser etter

Høgare utdanning i musikk.

Dugleik på orgel og piano.

Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.

Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.

Medlemskap i DNK.

Personlege eigenskapar

Kreativitet

Positivitet

Fleksibilitet

Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.

Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.

Gode samarbeidsevner og sosiale evner.




Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.

Musikk ved institusjonsandaktar.

Medansvar for å utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.

Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.

Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden. Me legg vekt på fleksibilitet og mogeligheit for vikarar når organisten ynskjer fri.

Instrument/ musikkutstyr:

På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument.

På Haga har me eit flygel av merke Yamaha og eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og synth. Det vert ofte nytta band/orkester i gudstenesta der. (Tangent, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.




Vi tilbyr

Triveleg arbeidsmiljø.

Varierte arbeidsoppgåver.

Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)

Pensjonsordning i KLP.

Stor grad av fleksibilitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Hagabakkane 1, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
376791837
Sist endret
22. okt. 2024 11:49