Fagarbeidar til vannskjærar

Arbeidsgiver
Odda Mekaniske Verksted As Avd Mekanisk
Stillingstittel
Fagarbeider innen mekanikerfaget
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Interessert i ein spennande arbeidskvardag med faglege utfordringar?

Om oss

Me er ei bedrift der fagleg kompetanse og felles målsetning er viktig. Me jobbar i dag med kundar blant anna innan smelteverksindustrien, vannkraft, oljenæring og forsvaret. Fornøgde kundar er særs viktig for oss. Våre fagarbeidarar og ingeniørar har kompetanse innan maskinering, sveis, platearbeid, mekanikk og hydraulikk. Våre oppdrag varierer frå prosjekt til prosjekt, så ingen dag er lik på OMV.AS.

Me ser stor nytte i bruk av digitale verktøy i vår arbeidskvardag og blant anna har innført Google i vår bedrift. Våre lokaler på Eitrheim industriområde var nye i 2014, og her trivest me godt, men me manglar deg.

Utdanning /kvalifikasjon

Me er på jakt etter personar med fagbrev eller relevant kompetanse som kan bemanne vannskjæraren hos oss. Det er viktig for oss å finne riktig person til riktig jobb.

Arbeidsoppgåver

Me har ein Flow Waterjet med 5 akser som var innstallert hos oss i 2014. Den blir nytta i produksjon av deler til maskinering og sveis, men og til å lage ferdige deler til kunde.

Me har bruk for operatør i vannskjæraren. Arbeidsoppgåver vil være både produksjon av deler men og vedlikehald av maskina. Ta gjerne kontakt om dette høyrest interessant ut.

Velkommen

Me ser fram til å få fleire på laget som kan vera med på vår vidare utvikling.

Sektor
Privat
Sted
Holmavegen 49, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Produksjon
FINN-kode
376837424
Sist endret
22. okt. 2024 10:55