Kontormedarbeidar
- Arbeidsgiver
- Bremanger kyrkjeleg fellesråd
- Stillingstittel
- Kontormedarbeidar
- Frist
- 12.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kontormedarbeidar
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 01.01.2025 ledig 25% stilling som kontormedarbeidar.
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med i underkant 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no. Informasjon om kyrkja finn du på www.bremangerkyrkja.no.
Arbeidsoppgåver:
- Kontormedarbeidaren har sekretærfunksjonar innanfor felles administrativ karakter i forhold til sokneråd.
- Kontormedarbeidaren vil, både gjennom ekspedisjon og telefonservice, få kontakt med publikum.
- Kontormedarbeidaren får ansvar for kontormessige rutinar som: Postteneste, arkivhandsaming og journalrutinar.
- Kontormedarbeidaren skal hjelpe til med kunngjering og informasjon om gudstenester og kyrkjelyden sine aktivitetar.
- Kontormedarbeidaren fører medlemsregister m.m. etter nærmare gjevne reglar.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontorfag.
- Gode datakunnskapar.
- Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Vi ønskjer ein person som er ryddig og nøyaktig i utføring av sine arbeidsoppgåver.
Kontormedarbeidaren har kontorplass på kyrkjekontoret på Hauge.
For begge stillingane gjeld:
Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillingane. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson på tlf. 91706595 el. 41803976
Søknad med CV og rettkjende vitnemål og attestar må sendast til: Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no via "søk på stilling" knappen på denne siden, innan 12.11. 2024.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Konsulent, Annet
- FINN-kode
- 376950881
- Sist endret
- 23. okt. 2024 05:49