Radiograf
- Arbeidsgiver
- Radiologi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Radiograf
- Frist
- 11.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig 2 x opptil 100% faste stillingar og 2 x vikariat som radiograf frå snarast til 31.10.2025, med høve til forlenging.
Vi ynskjer å kome i kontakt med engasjerte radiografar som trivast med å arbeide sjølvstendig, men som også likar å arbeide i team.
Radiologisk avdeling Volda har ein CT, ein MR, tre skjelett-labar, ultralyd og osteodensimetri. Vi har ei stabil arbeidsgruppe og eit livleg arbeidsmiljø. Det er pr i dag 16 radiografstillingar ved seksjonen, der 14 går i rullerande 3-delt turnus. Vi treng i hovedsak radiografar som kan gå i turnusordninga vår, men vi høyrer gjerne også fra kandidatar som av ulike grunnar og for ei perioder berre vil vurdere dagtidsstilling.
Volda sjukehus har traumefunksjon og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og oppgradering, og vi har nyleg fått påbygg og ny MR i avdelinga.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY-
Kommunar som ligg i pendleravstand frå Volda sjukehus vil kome inn i ny ordning for sletting av utdanningsgjeld – Herøy, Sande, Vanylven og Stryn. Les meir her: Ny ordning for sletting av utdanningsgjeld – slik vil det fungere - regjeringen.no
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad, aktuelle kandidater blir intervjuet fortløpende.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i avdelinga sin turnus med vakt kvar fjerde helg.
- Utføre radiograf-fagleg arbeid i samsvar med avdelinga sine prosedyrer.
- Vi har CT, MR, konvensjonell røntgen både med og utan gjennomlysing, ultralyd og osteodensimetri. Det er forventa at du tek del i arbeidet på alle labane
- Medvirke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling medan ein ivaretek pasientane sitt behov for omsorg og pleie
- Samarbeide i seksjonen/på sjukehuset for å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø
Kvalifikasjonar
- Autorisert radiograf med norsk godkjenning
- Erfaring med CT, MR og generell radiografi er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- Vidareutdanning innan CT eller MR er ynskjeleg, men ikkje noko krav
- Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Du har lett for å lære
- Du er ein positiv person med gode samarbeis- og kommunikasjonsevner, interessert i å bevare vårt gode arbeidsmiljø
- Du er fagleg interessert.
- Du er intiativrik og handlekraftig
- Motivert, og fleksibel til å utføre varierte arbeidsoppgaver.
- Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eirin Beate Steinsvik Nordal, Avdelingssjef, 93003117, eirin.steinsvik@helse-mr.noAlice Telset Tverberg, Fungerande seksjonsleiar, Alice.Telset.Tverberg@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4867797600
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 11.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Radiograf
- FINN-kode
- 376991151
- Sist endret
- 10. feb. 2025 07:55