Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
- Arbeidsgiver
- Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
- Frist
- 06.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50% fast stilling som psykolog frå 1.2.2025. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet. TOO-prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa.
Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med
- tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team
- å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege
- eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
- utadretta rettleiing og informasjonsarbeid
- rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling
- å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon
- Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi
- Erfaring frå angstbehandling
- Interesse for arbeid med odontofobipasientar
- Gjerne har erfaring frå arbeid innan traumefeltet
- Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi
- Gjerne har røynsle frå forskning
- God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad
- Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk
Personlege eigenskapar
- Trives med å jobbe med og for mennesker
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Yngvill Ane Stokke Westad, Psykologspesialist, 99048686Trine Beate Monsen, Tannlege, 93649606
Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 66412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4861139827
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 06.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Annet
- FINN-kode
- 377050707
- Sist endret
- 11. nov. 2024 01:03