Sjukepleiar med fagansvar - Sunnylven distrikt
- Arbeidsgiver
- Stranda kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar med fagansvar - Sunnylven distrikt
- Frist
- 28.11.2024
Beskrivelse
Det er ledig vikariat i 100% stilling som sjukepleiar med fagansvar i tida 02.01.25 til 31.12.25.
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar, heimetenester og tenester til yngre med funksjonsnedsetting. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar; du vil vere tenesteansvarleg for brukarane i Sunnylven distrikt.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Saksbehandling.
- Delta i turnusarbeid.
- Legge til rette for godt samarbeid mellom pasientar, pårørande og kollegaer.
- Bidra aktivt til fagleg utvikling.
- HMS arbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Må ha gode norskkunnskapar både muntleg og skriftleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og framstå som samlande i personalgruppa.
- Evne til å samarbeide med andre og vere ein god relasjonsbyggjar.
- Positiv og imøtekomande.
Vi tilbyr
- Per tida arbeid på dag i veka, med vakter tredje kvar helg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Hellesyltvegen 176218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4875865534
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 28.11.2024
- Sted
- Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 377117113
- Sist endret
- 20. nov. 2024 10:08