Spesialist i allmennmedisin og ALIS
- Arbeidsgiver
- Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Spesialist i allmennmedisin og ALIS
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
VI TRENG DIN KOMPETANSE SOM FASTLEGE
Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting.
Listelengden kan diskuteres etter legens behov og kapasitet.
Vi har ei ledig stilling frå snarast:
- 100% spesialist i allmennmedisin, ALIS (allmennlege i spesialisering) eller spesialist i andre fagfelt
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 8 legeheimlar og erfarent hjelpepersonell. Legevakt interkommunalt med Stranda kommune omfattar 3 faste tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.
Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre fagfelta og ligg like ved Omsorgssenteret og Heimetenestene. Legesenteret skal inn i nye og framtidsretta lokale innan 1 år. Det er nettopp utarbeidd ein ny plan for Legetenestene 2023-2030, og vi utviklar oss og legg vekt på å vere framtidsretta der vi arbeider meir i team.
Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du som fastlege i Sykkylven har, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.
Tilsettingsprosessen kan skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
- Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
- Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
- Moglegheit for arbeid i helsestasjon
- Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS
Kvalifikasjonar
- Har norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)
Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
- Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
- Du har evne til utvikling og nytenking
- Løsningsorientert og endringsvillig
- Du er fleksibel
Personlig egnaheit vektleggas
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Sterk fagleg hjelpepersonell
- Kollegial møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
- Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
- Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
- Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag
- Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Økonomisk kompensasjon for inntil 10 dagar pr år om du er sjuk eller heime med sjukt barn
- Lønn etter avtale
- Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven Legesenter, +47 47728672Arbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4876436254
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sted
- Haugneset 20, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Sykepleier
- FINN-kode
- 377157151
- Sist endret
- 24. okt. 2024 02:17