Einingsleiar Sunnylven og Geiranger distrikt
- Arbeidsgiver
- Stranda kommune
- Stillingstittel
- Einingsleiar
- Frist
- 17.11.2024
Beskrivelse
Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur (2-nivåmodell) med 14 driftseiningar og stab/støttefunksjon direkte underlagt kommunedirektør.
Sunnylven distrikt og Geiranger distrikt er to av tre omsorgsdistrikt i Stranda kommune. Einingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og personal og er organisatorisk underlagt kommunalsjef for helse og omsorg.
Frå 01.01.2025 har vi ledig fast stilling som einingsleiar Sunnylven og Geiranger distrikt i 100% stilling.
Sunnylven distrikt er ein omsorgsbustad med 23 leilegheiter, i tillegg blir det gitt heimeteneste og matombering til eit varierande tal heimebuande.
Geiranger distrikt er ein omsorgsbustad med 9 leiligheiter, i tillegg blir det gitt heimeteneste på dagtid til heimebuande.
Helse og omsorgssektoren i kommunen er i omstilling og i samband med dette skal einingsleiarfunksjonen delast mellom dei to distrikta, med oppmøtestad Sunnylven omsorgssenter. Einingsleiaren skal vere ved Geiranger omsorgssenter ein gong i veka eller oftare ved behov.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av eininga, der både eininga og kommunen sine interesser skal stå i fokus
- Økonomi- og personalansvar
- Omstillingsprosessar
- Prosjektarbeid
- Ansvar for HMS og interkontroll
- Arbeide strukturert for å nå eininga sine målsettingar
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg kompetanse på universitets- / høgskulenivå eller anna relevant utdanning
- Leiarutdanning og/eller økonomisk/administrativ utdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Det vil bli lagt til rette for at ein kan tileigne seg manglande leiarutdanning
- Gode leiareigenskapar og leiarerfaring blir vektlagt
- Kunnskap om økonomi, budsjettarbeid og personalleiing
- Kjennskap til helsesektoren og offentleg forvaltning, herunder lov- og avtaleverk
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Utviklingsorientert, samlande, handlekraftig og tydeleg
- Evne til å motivere, inspirere og støtte personalet i å skape eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å leie omstillings- og utviklingsprosessar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som byr på varierte, krevjande og spennande arbeidsoppgåver
- Samarbeid med fagleg dyktige medarbeidarar
- Konkuranssedyktig lønn
- I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank-, forsikrings- og spareprodukt.
Les meir: Offentleg tenestepensjon
Kontaktinformasjon
Jane Petrin Solheimsnes, Kommunalsjef, +47 46411003Arbeidsstad
Hellesyltvegen6218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4876298886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.11.2024
- Sted
- Hellesyltvegen, 6218 Hellesylt
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 377246636
- Sist endret
- 25. okt. 2024 01:13