Ønsker du å bli med i nytt sjukehus som sjukepleiar i ei spennande stilling?
- Arbeidsgiver
- Medisinsk sengepost 1, Helse Førde
- Stillingstittel
- Ønsker du å bli med i nytt sjukehus som sjukepleiar i ei spennande stilling?
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Medisinsk sengepost 1 ønskjer å komme i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.
Vi har ledig 100% vikariat frå snarast t.o.m. 31.11.2025. Det er moglegheit for forlenging på begge vikariat. Vi søkjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar som ønsker å være med oss.
Du vil oppleve gode, mindre gode, tunge, fine, triste, morsomme, spennande, aktive, lærerike, frustrerande og innhaldsrike dagar. Vi kan og love at du vil oppleve å være omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar
Medisinsk sengepost har nyleg flytta inn i nytt og moderne sjukehus der vi har nyre og endokrinologi, mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Det er 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt Norsk både skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, +47 407 29 970Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4876907073
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
- FINN-kode
- 377275115
- Sist endret
- 12. nov. 2024 12:55