Inaktiv

Vi ynskjer oss ein allsidig og strukturert saksbehandlar

Arbeidsgiver
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Stillingstittel
Saksbehandlar
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomiske ressursar som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som arbeidar ut mot alle dei 580 Merkur-butikkane i heile landet.

Les meir om Merkur-programmet www.merkur-programmet.no

Arbeidsoppgåver

Merkur-programmet fikk ei solid påplussing i forslag til Statsbudsjettet for 2025 og vi vil styrke teamet som jobbar med tilskuddsforvaltning. Du får stor mulighet til å utvikle Merkur-programmet ved å

  • sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar frå butikkane og frå Merkur-konsulentane
  • samarbeide og gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane
  • følge opp tilsegn om støtte
  • følge opp budsjett for Merkur-området
  • bidra til at arbeidsmiljøet fortsatt skal være inkluderande og godt

Viktige punkt om deg

  • Du har økonomi- og eller jusutdanning, gjerne på bachelornivå. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
  • Du er løysingsorientert, strukturert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
  • Du har god vurderingsevne og evnar å sjå muligheitsrom.
  • Du evnar å sette deg inn i og forstå Merkur-butikkane sin situasjon, samspelet mellom butikkar, konsulentar, distriktskommunar og Distriktssenteret. 
  • Du møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
  • Du er vand med, og flink til, å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI.
  • Du er glad i å jobbe åleine og saman med andre.

Det er en fordel om du har erfaring med

  • sakshandsaming og forvaltning av offentlege verkemiddel
  • rådgjeving
  • regionalforvaltning.no

Vi legg stor vekt på dine personlege egenskapar og at du føler deg heime i våre verdiar:
- Kompetent - Engasjert - Folkelig -


I Distriktssenteret får du:
  • godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman
  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høy utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag
  • varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy
  • mogelegheit for utvikling, fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
  • mogelegheit for éin time trening i arbeidstiden per uke
  • lønn etter kvalifikasjonar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar

Vil du vite meir?

Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende en søknad!

Har du spørsmål tar du kontakt med avdelingsdirektør
Steinar Fredheim: steinar.fredheim@kdu.no, telefon 481 68 274.


Gjør deg mer kjent med oss på distriktssenteret.no

Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hol i CV'en eller innvandrarbakgrunn, kaller vi inn minst ein søkjar i kvar gruppe til intervju. 

Dersom du ynskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjøl om du har bedt om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall blir du varsla først.


Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, Leikanger, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
377303142
Sist endret
28. okt. 2024 07:28