Vil du jobbe som leiande arrestforvarar?
- Arbeidsgiver
- FOT-Seksjon for arrest og framstilling, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Leiande arrestforvarar
- Frist
- 10.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å bli vår nye kollega?
Har du gode kommunikasjonsevner og klarer å behalda roa i stressa situasjonar? Er du reflektert, omsorgsfull og liker ein utfordrande kvardag? Då kan arresten vera ein spennande stad for deg. Vest politidistrikt, Felles eining for operativ teneste, har for tida ledig fast stilling som leiande arrestforvarer (stillingskode 1342) ved Seksjon for arrest og framstilling.
Seksjon for arrest og framstilling har i dag 23 tilsette derav 21 arrestforvarere/ leiande arrestforvarere, ein opplæringsansvarleg og seksjonsleiar. Tenesta er allsidig og det blir stilt krav til faglege kvalifikasjonar, personleg egnethet og fysisk skikkethet. Som leiande arrestforvarer må du pårekne turnusarbeid. Hovudansvaret til arrestseksjonen er å sikra at praktisering av regelverket om innsettelse av personar i arresten skjer på ein einsarta og god måte. Vidare skal me sjå til at retten til dei innsette til helse, rettstryggleik, personvern, menneskerettar og menneskeverd blir teken vare på på ein god måte. Tenesta er til for å ta vare på tryggleiken til dei innsette medan dei ventar på rettsleg oppfølging eller varetektsfengsling.
Vi tror på styrken ved mangfald og oppfordrar personer med forskjellig kulturell bakgrunn til å søkje, slik at vi kan fortsette å byggje ein inkluderande og representativ organisasjon.
Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med å leie og koordinere arbeidsoppgåvene til seksjonen
- Medverke til godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit
- Ta vare på tryggleik, helse og rettigheitar til dei innsette i politiarresten
- Arbeidsoppgåver knytte til arrestforvaringa av innbrakte og pågrepne, herunder utstrekt bruk av politioperative system
- Visitera, forpleia og føra tilsyn med personar som er pågripne/innbrakte til arresten
- Signaleringsoppgåver (signalementsrapport, fotografi og fingeravtrykk) og sikre DNA-referanseprøve frå pågrepne
- Transportere, framstille og forflytte pågrepne og varetektsfengsla m.m.
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
- Førerkort klasse B og D1 (minibuss). Dersom ein ikkje innehar D1 forpliktar ein seg til å skaffa dette for eigen kostnad innan eit år etter tilsetjing
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk
- God munnleg framføring på engelsk
- God fysisk og psykisk helse
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er eit helsekrav knytt til stillinga, og ein alminneleg helseattest må innhentast før ev. tilsetting.
Ønskeleg:
- Arrestforvarerutdanning blir vektlagt men andre relevante utdanninger innan helse, kriminalomsorg og leiing er ønskeleg
- Relevant erfaring frå kriminalomsorgen, arrest, helsesektoren eller lignande er ein fordel
- Minimum fem års relevant yrkeserfaring er ein fordel
- Kunnskap om andre kulturar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Gode leiareigenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere andre
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Særleg gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, i tidvis hektiske omgivnader
- Tolmodig og med evne til å setja grenser
- God etisk forståing av rolla du innehar, og dessutan at du opptrer profesjonelt og respektfullt ovanfor innsette, tilsette og samarbeidspartnarar
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Stillinga blir lønna som leiande arrestforvarer (stillingskode 1342) frå ltr 61/kr 594 500,- brutto per år. Vidare
lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr.
hovudtariffavtalane i staten - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, språk, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.24/237405
Kontaktinformasjon
Arne Gustav Lien, Fungerande seksjonsleiar, 55556166Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk CV/ søknad, 207.hr.@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4866020626
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 10.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Sikkerhet, Ledelse
- FINN-kode
- 377309918
- Sist endret
- 28. okt. 2024 07:34