KATEKET/KYRKJELYDSPEDAGOG - 100%

Arbeidsgiver
Volda Kyrkjelege Fellesråd
Stillingstittel
Kateket
Frist
22.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Volda kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog frå 1. januar 2025.

Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeidet for å kvalifisere som kateket. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for studier. Det er mogleg å søkje stipend for gjennomføring av slik utdanning.

Kateketen har Volda kommune som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale, like ved Volda kyrkje.

Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og truopplæringsteamet vårt. I trusopplæringsteamet har vi kateketen og to trusopplæringsmedarbeidarar i deltidsstillingar.

Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:

• Trusopplæring inkl. konfirmantarbeid

• Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar

• Samarbeid kyrkje - skule/barnehage

Eitt viktig satsingsområde dei næraste åra er:

• Vidareutvikling og revisjon av trusopplæringplanane for alle sokna.

Vi legg vekt på:

• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom

• Erfaring frå og interesse for leirarbeid

• Evne til samarbeid og teamtenking

• Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta

• Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid

• God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

• Administrativ erfaring

• Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media

For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil. Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Elles skjer tilsetjinga i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.

Det er utarbeidd stillingsomtale for kateketstillinga i Volda kommune.

Vi nytter intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.

For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549 eller kyrkjelydspedagog Martine Hjertvik Urke tlf 45874541

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 22.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 6a, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
377588835
Sist endret
27. okt. 2024 04:19