100% stilling som pedaogisk leiar ved Hestavoll barnehage
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Hestavoll barnehage
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledig 100% stilling, fast som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage.
Vil du ha verdens viktigste jobb?
Hos oss får du høve til å vere ein trygg og spennende voksen for barn tidleg i livet. Barn som gjennom erfaringar, inntrykk, gode relasjoner og leik vil påverke framtida vår.
Barnehagen har ledig stilling som pedagogisk leiar frå 1. januar 2025. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. Vi legg vekt på å bygge gode relasjoner og fremja eit inkluderande læringsmiljø.
Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser. Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har fokus på utviklingsområdet “Se barnet innenfra”, initiert av Utviklingspsykologane. eit inspirerande utviklingsområde der vi heile tida vil vere i utvikling. Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på musikk, drama, kultur og kreativitet. Barnehagen har eit fleirkulturelt miljø, noko vi opplever som ein stor rikdom i kvardagen. Barnehagen har utarbeida ein språkplan der vi sikrer eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle.
Barnehagen vert oppgradert med nye kjøkken på alle avdelingane denne hausten, noko som gjer kvardagen enklare og moglegheitane mange. Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året.
Kompetanse:
Barnehagelærarutdanning eller tilsvarende jf. Barnehageloven §25
Anna bakgrunn kan bli vurdert
Arbeidsoppgaver:
Leia arbeidet med å planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Halde deg fagleg oppdatert og dele kunnskap med profesjonsmiljøet i barnehagen
God rollemodell, som gjer og mottar rettleiing og tilbakemeldingar
Visa omsorg for det einskilde barn og barnegruppa
Jobbe aktivt med å sikra barnas rett til medverkning
Delta aktivt i leik og aktiviteter saman med barna
Jobba for å fremja eit trygt og inkluderende barnehagemiljø
Ta initiativ til og oppretthalda eit godt foreldresamarbeid
Delta aktivt i barnehagens leiarteam for å vidareutvikle barnehagen
Kvalifikasjonar:
Evne til refleksjon for å skapa og oppretthalda eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Raus og tilstede i møte med barn og foresatte
Søkere med utanlandske kvalifikasjoner, må vedlegge dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheter i tråd med Barnehagelovens §28.
Erfaring frå barnehage er ynskeleg
Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding, jf. Lov om barnehager §30
Personlege eigenskaper:
Evne til å bygga gode relasjonar med barna; evne til å “se barnet innenfra”
Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil
Lyttande med evne til refleksjon
Løysningsorientert
Fleksibel med evne til å arbeide målretta og strukturert
Godt humør og positiv innstilling
Evne til god kommunikasjon
Fokus på kvalitet i tenesta
Instrumental kompetanse er positivt
Vi kan tilby:
Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.
Løn etter ansiennitet jfr. hovedtariffavtalen.
Auka pedagogisk leiar tillegg kr. 36 000,-.
Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderande arbeidsliv).
Ein barnehage der du får være med å påverke vegen videre.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 377795667
- Sist endret
- 28. okt. 2024 11:31