Fagleiar rekneskap

Arbeidsgiver
Sentraladministrasjon Fjord kommune
Stillingstittel
Fagleiar rekneskap
Frist
17.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vår gode fagleiar på rekneskap går av med pensjon og Fjord kommune søkjer difor etter ein dyktig og engasjert medarbeidar. Vi søkjer deg som har relevant utdanning og erfaring innan rekneskap, budsjett og analyse. Om du i tillegg er glad i å arbeide med tal og har lyst til å vere med på digitaliseringa av økonomifunksjon i Fjord kommune, er dette ei stilling du bør vurdere å søkje på.

Som tilsett vil du føre rekneskap etter gjeldande regelverk. Du vil ha ansvar for rutinebeskrivingar og dokumentasjon og vil bidra med å planlegge og gjennomføre rekneskapsføring, periodeavsluttingar og årsrekneskap. Saman med økonomisjef har du ei viktig rolle ved budsjettarbeid, arbeidsflyt og økonomisk oppfølging ute hos einingane. I tillegg er det ønskjeleg at du som tilsett kan ha oppgåver innanfor lønn/HRM i samarbeid med fagansvarleg for lønn. Kommunen brukar Visma Enterprise som sitt økonomisystem. Dette inkluderer m.a. modular som budsjett, økonomi, fakturabehandling, fakturering og e-handel. Kommunen brukar Visma HRM, Visma tid, Expense, e-læring, ressursstyring og profil. Du som tilsett vil vere superbrukar på Visma Enterprise og HRM systema.

Økonomikontoret er i dag organisert med ein økonomisjef, rekneskapsleiar, økonomikonsulent og lønnskonsulent. Avdelinga arbeidar tett med personalavdelinga og er lokalisert på Rådhuset i Valldal. Kommunen har nynorsk som målform.

Oppstart i stillinga tidleg i mars, men anna tidspunkt kan avtalast for å ha god overlapping med noverande person. 

Alle søkjarar vil verte kontakta etter at søknadsfristen er ute og aktuelle kandidtar vert kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver


  • Fagansvar for føring av kommunerekneskapen
  • Ansvar for oppfølging av regelverk og rutinebeskrivingar innan rekneskapsområdet
  • Ansvar for å utvikle og implementere digitale og automatiserte løysingar innan rekneskapsområdt
  • Bidra til å profesjonalisere rekneskapsfunksjon ved å utarbeide gode prosessbeskrivingar.
  • Bidra til opplæring av brukarar i organisasjonen.
  • Bidra i oppgåver som periodeavslutning, årsavslutning og kvalitetssikring av rekneskapen
  • Støtte økonomisjef i saker for administrativ og politisk handsaming.
  • Kontaktpunkt for kommunerevisjon
  • Støtte- og gje råd til leiarane i Fjord kommune.

Kvalifikasjonar

  1. Høgskule-utdanning (bachelor eller høgare) innafor rekneskap og økonomi. 
  2. Realkompetanse innafor fagfeltet kan erstatte formell kompetanse
  3. Erfaring frå kommunalt rekneskap er ønskeleg
  4. God systemkompetanse (visma, MS- produkter osb.)
  5. God språkleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet
  • Arbeider strukturert og effektivt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Digital kompetanse
  • Arbeide praktisk og vere løysingsorientert.
  • Personlege egenskaper vert vektlagt

Vi tilbyr

Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver, der vi ønskar å legge til rette for ei fagleg utvikling. Du vil kome til ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode kollegaer. 

Fjord kommune har gode pensjonsordningar gjennom KLP. Tilsetting vil skje etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. 

Lønn i samsvar med kompetanse og praksis.

    Kontaktinformasjon

    Dag Olav Tennfjord, Økonomisjef, 97175730, dag.olav.tennfjord@fjord.kommune.no

    Arbeidsstad

    Olavsgata 10

    6210 VALLDAL

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sentraladministrasjon Fjord kommune


    Referansenr.: 4873890841

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Startdato: 03.03.2025

    Søknadsfrist: 17.11.2024

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Olavsgata 10, 6210 Valldal
    Stillingsfunksjon
    Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Regnskap, Økonomi og regnskap / Controller
    FINN-kode
    377798195
    Sist endret
    28. okt. 2024 09:08