LIS radiologi

Arbeidsgiver
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
LIS radiologi
Frist
11.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkomen til vakre Nordmøre og Romsdal – vi søkjer deg som LIS i radiologi!


Er du klar for ei spennande karriere i radiologi omgitt av storslått natur med fjordar og fjell? Radiologisk avdeling i Molde og Kristiansund har no ledig fast stilling som LIS, og her får du moglegheita til å utvikle deg fagleg i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø. Oppstart er frå 01.12.2024, eller etter avtale med avdelinga, ved eventuel internt opprykk kan det bli ledig vikariat.

Radiologisk avdeling er avgjerande for diagnostikk og oppfølging ved sjukehusa i området, med årleg rundt 100 000 undersøkingar  fordelt på alle modalitetar. Vi har eit nært samarbeid med kliniske avdelingar, og i 2025 vil det nye sjukehuset (SNR) stå klart med fylkets første 3 Tesla MR-maskin.

For deg som LIS i radiologi tilbyr vi eit godt planlagt opplæringsopplegg i Molde, men det kan òg leggast til rette for teneste i Kristiansund. Her har vi dyktige overleger som veiledar deg, og eit godt og sosialt LIS-miljø som vil hjelpe deg på vegen til spesialiseringa di. I tillegg har vi gode ressursar på nett.

Attestar og tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad. Velkomen!


Arbeidsoppgåver

Som LIS i radiologi vil du få opplæring i:

  • Røntgen, CT, ultralyd og etter kvart radiologiske intervensjonar.
  • MR-diagnostikk når du har fått meir erfaring.
  • Å beskrive bilete, utføre ultralyd og ha løpande dialog med klinikarar.
  • Vaktordning: per i dag har LIS tilstadevakt som er åttedelt med bakvakt frå overlege, delvis i heimevakt. Ved opning av SNR vil vakta vere på Hjelset, Molde.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent LIS1 (eller tilsvarande turnusteneste etter tidlegare ordning).
  • Flytande norsk (ev. svensk/dansk) skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Du er også velkommen til ta kontakt dersom du ikke enno har gjennomført LIS1.

Personlege eigenskapar

  • Har god klinisk forståing og gode samarbeidsevner.
  • Trivst med å arbeide i team med andre faggrupper.
  • Er fagleg nysgjerrig og læringsvillig.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Martin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395, Martin.Grotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Bjørnstjerne Bjørnsons veg

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4862825705

Stillingsprosent: 100%

Fast

Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
377804849
Sist endret
28. okt. 2024 01:14