Sjukepleiar/vernepleiar i årsturnus med langvakt 6. kvar helg og langfriperiodar

Arbeidsgiver
Pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Som sjukepleiar/vernepleiar på pleie- og omsorgssenteret vil du gå i årsturnus, med dag- og kveldsvakter, langvakter i vekedagar og langvakt 6. kvar helg! Med komprimert jobbing vil du også kunne få langfriperiode 6. kvar veke!

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi innfører Kjernejournal og ulike innføringar i høve til velferdsteknologi. Vi er med i interkommunalt simuleringsprosjekt og vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheiter for fagutvikling.

Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling. 

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Legevakt i kommunen 24/7. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering
  • Assistere lege på legevakt, ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • 3. årssjukepleiar-/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke
  • Vernepleiarar kan også søke, og kan bli vurderte i prosessen

Personlege eigenskapar

  • God fagleg dyktigheit og med interessere i faget
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Har brukar i fokus
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Er ansvarsfull og stabil
  • Har gode digitale ferdigheiter
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Fagutvikling og simulering
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale (16 års ansiennitet)
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen

Tilsettingsvilkår:

  • Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • 6 månadar prøvetid

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Prærien 23

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune


Referansenr.: 4877144846

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Prærien 23, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
377811100
Sist endret
13. nov. 2024 12:19