Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar
- Arbeidsgiver
- Årdal kyrkjelege fellesråd
- Stillingstittel
- Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar
- Frist
- 25.11.2024
Beskrivelse
Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar i Årdal
Stillinga er 75% føresett at finansiering kjem på plass.
Vi søkjer ein person som:
- har kompetanse innanfor pedagogikk og kristendom
- har erfaring med, og likar å jobba med barn og unge
- har evne til å jobba sjølvstendig
- inkludera frivillige i arbeidet og etablera fellesskap der alle kan kjenna seg inkludert
Den som blir tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja og kunna visa politiattest. Relevant erfaring kan erstatta formell kompetanse. Noko av arbeidstida må påreknast å bli lagt til kveld/helg.
Arbeidsoppgåver:
- Gjennomføra godkjente trusopplæringstiltak i sokna. Einskilde tiltak skjer i samarbeid med nabokommunane Lærdal og Aurland, andre organisasjonar, barnehagar og skular
Vi tilbyr:
- ein spennande stilling der det er eit godt rom for å utvikla og satsa på arbeidet blant barn og unge i Årdal
- løns-og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariff
- medlemskap i KLP
For meir informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Johanne Molland, tlf. 477 99 135 eller sokneprest Olav Nese, tlf. 975 00 650. Send søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan 25. november til Årdal kyrkjelege fellesråd, Postboks 41, 6881 ÅRDALSTANGEN /
e-post; johanne.molland@ardal.kommune.no
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6881 Årdalstangen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 378242915
- Sist endret
- 31. okt. 2024 08:08