Er du vår nye medarbeidar?
- Arbeidsgiver
- Fjaler kommune Reinhaldssentralen
- Stillingstittel
- Medarbeidar i reinhaldssentralen - 70 % stilling
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fjaler kommune har ledig 70 % fast stilling som reinhaldsoperatør ved reinhaldssentralen. Vi ser etter ein medarbeidar som trivast med variert og fysisk arbeid og har interesse for å jobbe med reinhald. Arbeidstida er kvar vekedag, med oppstart kl. 06.00. Hos oss får du arbeidsoppgåver som er dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg, golvbehandling og hovudreingjering.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør
- Søkjarar som ikkje har fagbrev, men som oppfyller dei andre kvalifikasjonane, kan søke på stillinga og vil bli vurdert om ein ikkje får søkjarar med fagbrev
- Ønskjeleg med erfaring frå reinhald og bruk av reinhaldsmaskiner
- Søkjarar må ha fylt 18 år
- Sertifikat kl. B og disponere eigen bil
- Gode norsk kunnskapar, B1 nivå
- Fleksibel og løysingsorientert
- Serviceorientert og omgjengeleg
- Du er nøyaktig og har eit "auge for detaljar"
- Vi vektlegg at ein er personleg egna til stillinga
- Løn etter tariff
- 10 000 kroner tillegg som er alltid på topp av grunnlønn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Å tilrettelegge for at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til åtrekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
- Stillingsfunksjon
- Renhold, Annet
- FINN-kode
- 378250946
- Sist endret
- 31. okt. 2024 09:16