LIS i augesjukdommar - vikariat 

Arbeidsgiver
Augeavdelinga, Helse Bergen
Stillingstittel
LIS-3-vikariater
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Grunna avvikling av mors-/farspermisjonar samt legar som går over i avtalepraksis, har Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus ledig 3 årsvikariat for
lege i spesialisering i augesjukdommar frå januar 2025.

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytta til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.

 Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.

Ved rekruttering og tilsetjing, vil vi tenke langsiktig med omsyn til å skape ei fagleg og robust Augeavdeling for framtida.


Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett vil gå inn i 10-delt primærvakt
  • Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
  • Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg (nivå tilsvarande til Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
  • Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like

Personlege eigenskapar

  • Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Forskingsinteresse

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
  • Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Gode kollegaer 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Tore Jenssen, Avdelingsoverlege, 55974124

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 72C

5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4878585798

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 06.01.2025

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Jonas Lies vei 72C, 5053 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / LIS
FINN-kode
378253081
Sist endret
31. okt. 2024 09:31