Psykologspesialist åpen søknad
- Arbeidsgiver
- TSB poliklinikk,Haugaland DPS
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du psykologspesialist og ønskjer ein spennande stilling innan behandling til pasientar med ulike psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet? No kan du bli vår nye kollega i TSB poliklinikken.
Haugaland DPS er i ei spennande fase der me skal endre og vidareutvikle behandlingstilbodet vårt innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Målsetjinga er å gi eit meir heilskapleg og tilpassa helseteneste. Me er på jakt etter psykologspesialist som vil få ei viktig rolle i vårt fagmiljø.
TSB poliklinikk har for tida lokaler sentralt på Haugesund sjukehus og ved Haugaland DPS i Kopervik. Det må påreknast noko arbeid på tvers av lokasjonane, samt bistand i tverrfaglege drøftingar for LAR poliklinikken i Haugesund sentrum.
TSB poliklinikk er tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Me tilbyr utgreiing og behandling for psykiske lidingar og rusmiddelavhengighet, og legemiddelassistert rusbehandling (LAR). Poliklninikken favnar dei som har passert 16 år. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Det er mogleg å kombinere stillinga med oppgåver knytta til TSB post. TSB poliklinikken har også implementert fengselspoliklinikk.
For psykologar som nærmar seg enden av spesialisering:
Dersom du er nær ved å fullføre spesialisering kan me vurdere utviklande ansvarsområder med rammer for oppfølging og rettleiing.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga. Intervju kan bli gjennomført forløpande i utlysningsperioden.
Velkommen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for og deltar i utgreiing, diagnostisering og behandling ved poliklinikken
- Delta i tverrfaglig team
- Rettleiing og undervisning internt og retta mot våre samarbeidspartnarar
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, retlleiarar mm.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig men ikkje eit krav.
- At søker er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagd
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Ønkjelig med erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helse
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikkens rutinar og praksis
- Fleksibel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Vi tilbyr
- Forhandling om løn
- Kurs, rettleiing og praksis knytt til spesialistutdanning
- Løn og spesialistpermisjon jfr avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søjkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Daniel Heradstveit, Funksjonsleder , daniel.reiersen.heradstveit@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4879515725
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
- FINN-kode
- 378272723
- Sist endret
- 31. okt. 2024 12:20