Brenn du for leseglede, litteratur- og kulturformidling?

Arbeidsgiver
Voss herad Voss bibliotek
Stillingstittel
80 % fast stilling som bibliotekar
Frist
22.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om arbeidsstaden

Voss bibliotek har hovudbibliotek i Voss kulturhus og er eit integrert del av tilbodet ved Voss kulturhus, bokbuss som køyrer til skular og barnehagar i heradet og avdeling i Kulturbanken i Granvin. Biblioteka er arkitektonisk særeigne, godt besøkte og har 6,6 årsverk. Stillinga er særleg knytt til arbeid ved bibliotektenestene i Granvin.

 

Arbeidsoppgåver

  • Voss bibliotek søkjer deg som brenn for leseglede, litteratur- og kulturformidling
  • Generelt bibliotekarbeid, publikumsarbeid med litteratur- og kulturformidling, både fysisk og digitalt
  • Stillinga går inn i arbeidsplan med arbeid på kveldstid og i helger

 

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med bachelor i Bibliotek- og informasjonsfag, men det er ikkje ein føresetnad for å søkje
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

 Me søkjer

  • Kunnskap, interesse og engasjement for litteratur, spel, film og digital formidling
  • Du har god teknologiforståing, held deg oppdatert på feltet og har gjerne erfaring med biblioteksystem.
  • Erfaring frå bibliotek er ein føremon
  • Personlege eigenskapar: gode samarbeidsevner, sjølvstendig, utettervend, kreativ

 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Evangervegen 6, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Kontor og administrasjon
FINN-kode
378274404
Sist endret
14. nov. 2024 12:18