Inaktiv

Lærarstilling ved Bokn skule

Arbeidsgiver
Bokn kommune Bokn skule
Frist
22.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bokn kommune søkjer etter lærar i 50-100% stilling. Me har ledig vikariat fram til juli.

Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.

Sjølv om me ønsker lærar i alle fag, så kan kompetanse i realfag og spesialpedagogikk vera ein fordel. Det kan vera aktuelt med studentar og deltidsstillingar.

Viktige stikkord er:

  • god klasseleiing
  • grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • digital utvikling
  • høg kvalitet i opplæringa
  • høgt læringsutbytte for elevane
  • aldersblanda grupper

Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me blant anna jobbar med skulemiljø og aldersblanding.

Skulen har også fokus på delingskultur og tverrfagleg samarbeid.

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel og løysingsorientert
  • sjølvstendig og strukturert
  • gi og ta imot rettleiing

Me kan tilby:

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
378393423
Sist endret
01. nov. 2024 11:32