Branningeniør i Kvinnherad kommune
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune Brann og redning
- Stillingstittel
- Branningeniør
- Frist
- 30.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ynskjer du å gjera ei samfunnsnyttig og viktig jobb?
På vår førebyggande avdeling er det ein ledig 100% stilling som branningeniør.
Velkommen til Kvinnherad kommune – ein stad i vekst og utvikling! Hos oss kan du nyta godt av gratis SFO, rimelige barnehageplassar, og inga eigedomsskatt. Kvinnherad tilbyr meir enn vakker natur og eit rikt kulturliv – her finn du ein kommune som satsar på både framtida og trivselen til deg og din familie. Vil du bli med på laget?
Me ser etter ein sjølvstendig, allsidig og fagleg engasjert person som kan bidra til å heva brannsikkerheita i vår kommune. Me ser etter deg som liker å jobbe med menneske, er ein lagspelar og har eit ynskje om å trygga innbyggarane våre. Som branningeniør er du innom alle menneskegrupper og formidlar bodskap om brannsikkerheit. Du er brannvesenets ansikt utad når du representerer oss i uniform og du er ein viktig omdømmebyggar for brannvesenet. Kvinner vert oppmoda til å søkja.
Arbeidsoppgåver
- Motivasjons- og informasjonsarbeid
- Arbeid med HMS og internkontroll
- Førebyggande arbeid mot risikoutsette grupper
- Tilsyn med særskilde brannobjekt, risikoobjekt og objekt underlagt forskrift om farleg stoff samt sakshandsaming
- Kurse og undervise internt i organisasjonen, samt for private
- Mottak og oppfølging av bekymringsmeldingar, ofte i samarbeid med andre kommunale einingar
- Prosjektarbeid
- Oppdatera våre sider på sosiale mediar med viktig informasjon (Facebook og liknande)
- Andre arbeidsoppgåver relatert til førebyggande brannvernarbeid
- Samarbeid med andre einingar i kommunen som t.d. helse, byggesakskontor og liknande
- Andre opgåver kan bli lagt til stillinga, i samarbeid med brannsjef
Kvalifikasjonar
- Utdanning som branningeniør eller anna relevant ingeniørutdanning
- Yrkesutdanning innan førebyggande brannvern (forebyggandekurs) ved Brann- og redningsskolen
- Anna bakgrunn/erfaring kan bli vurdert
- Sakshandsamarkompetanse
- Erfaring frå førebyggjande arbeid
- Førarkort klasse B.(E)
Manglar søkjar yrkesutdanning i førebyggjande brannvern må ein pårekna å gjennomføre dette etter tilsetting.
Personlige eigenskapar
- Du kan etterleva våre verdiar
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Gode datakunnskapar/ferdigheiter
- Du kan tenke heilskap og framtidsretta og har stor interesse for førebygging
- Personlige eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver som vil bli løyst i samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø
- Lønn etter kvalifikasjonar og avtale
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bogsnesvegen 16, 5460 Husnes
- Stillingsfunksjon
- Brannvern, Sikkerhet, Ingeniør
- FINN-kode
- 378871276
- Sist endret
- 04. nov. 2024 09:44