Helsefagarbeidar vikariat 85% stilling natt

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Stillingstittel
Helsefagarbeidar vikariat 85% stilling natt
Frist
18.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ein av våre medarbeidar skal ha permisjon frå nattevaktstillinga i heimetenesta, vi jaktar derfor etter den rette helsefagarbeidaren til natt-teamet vårt. Vikariatet varer eitt år, men det kan bli moglegheit for forlenging. Nattevaktene har eigen turnus med 3. kvar helg og i turnus har vi fagdag. Dette opplever vi som positivt for fagutvikling og arbeidsmiljøet. På desse dagane legg vi forhandlingsturnus, der du kan påverke eiga arbeidstid og fritid. 

Heimetenestene yter tenester til heimebuande og personar som bur i omsorgsbustadar, og tenesta skal utøvast på ein fagleg forsvarleg måte og i tråd med den behovet til den enkelte brukar. Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i eininga du arbeider på. Natt-teamet i heimetenesta består av to nattevakter. Når det ikkje er oppdrag i bygda, skal begge nattevaktene vere stasjonert på avdelingane.

Sektor for velferd jobbar med å sjå på korleis vi framover skal gi tenester til kommunens innbyggjar på best mogleg måte og hjelpe kvarandre på internt på tvers av einingar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom einingane i sektoren, noko som er viktig for gode pasientforløp og pasienttryggleiken.

Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til brukarane som bur i heimane og omsorgsbustad. Vi legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med brukar, og samarbeider godt med andre einingar og faggrupper i velferd.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Utføre arbeidsoppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for eininga
  • Gi heilskapleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmestring
  • dokumentere arbeidet i samsvar med lovverket
  • bruke velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.

Difor er det krav om at du

  • er helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller har anna relevant helsefagleg utdanning
  • kan medikamenthandtering
  • meistrar bruk av IT i det daglege
  • kan leggje fram gyldig politiattest ved tilsetjing
  • har førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter,  evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • varierte oppgåver med vekt på fagleg utvikling og godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • ein triveleg arbeidsfelleskap med mange dyktige kollegaer
  • aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
  • ein variert og utfordrande jobb med mange spanande arbeidsoppgåver 
  • fagdag i arbeidsplan
  • kurs gjennom NHI og Veilederen
  • løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312

Arbeidsstad

Teigevegen 55

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune


Referansenr.: 4850476076

Stillingsprosent: 85%

Vikar

Søknadsfrist: 18.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
378881717
Sist endret
04. nov. 2024 01:51